I september er det tid for val av nye sokneråd i Den norske kyrkja. Her i Orre kyrkjelyd skal det veljast nytt sokneråd. I tillegg er det val av nytt bispedømmeråd.
Førehandsrøysting byrjer allereie i august.
Her kjem ei oversikt over kyrkjvalet i Orre sokn for valåret 2023.
Sjølve kyrkjevalet er 10. og 11. september, men det er mogleg å førehandsrøyste frå 10. august - digitalt eller fysisk. Sjekk ut denne lenka om å stemme ved kirkevalget for meir informasjon om korleis både førehandsrøysting og røysting på valdagane fungerar.
Digital førehandsrøysting
Digital førhandsrøysting kan ein gjere når og kor som helst i perioda 10. august til 6. september. Digital førehandsrøysting vert gjort tilgjengeleg via nettsida kirkevalget.no frå 10. august.
Fysisk førehandsstemming
Ynskjer ein å benytte seg av fysisk førhandsstemming på papir, tilbyr vi følgjande moglege datoer i perioda 10. august til 8. september for medlemmer av Den norske kyrkja, tilhøyrande Orre sokn:
- Klepp kyrkjekontor måndager kl. 0900-1100 og torsdager kl 1200-1400, samt torsdag 31. august kl. 1500-2000.
- Orre kyrkje sundag 03. september kl. 12:00-13:00 (etter gudstenesta).
Valdagane
På valdagane 10. og 11. september vert det høve til å avgje fysisk stemme på papir følgjande stader:
- Søndag 10. september kl. 1400-1800 på Klepp rådhus
- Mandag 11. september kl. 0900 - 2100 på Orre samfunnshus.
Utfyllande informasjon:
Via denne nettsida finn du Presentasjon av listekandidatar til soknerådsvalet i Orre kyrkje. og presentasjon av kandidatene til valg av bispedømmeråd.
For meir generell informasjon om kyrkjevalet, sjå kirkevalget.no.
Vi ynskjer alle våre medlemmar i Den norske kyrkja i Orre sokn eit godt val!
Med venleg helsing Orre kyrkjelyd