Velkommen til dugnad i kyrkja 9. mars.
Me inviterer igjen til dugnad for å gjera kyrkja klar til konfirmasjonane og andre festdagar.
Det er varierte oppgåver både inne og ute. Vasking, pussing, rydding, spyling med meir. Har du nokon innspel om kva anna som gjerast, gje oss gjerne eit vink i god tid på førehand.
Er me mange, får me gjort mykje, og det er kjekt å arbeida i lag.
Dag og tid: måndag 9. mars kl 17-21
For å planlegge mat og logistikk ber me om påmelding med kva tid du kjem og kva du vil gjere på e-post: kt332@kirken.no, sms/tlf til 900 35 471